Angelika Klüssendorf (TY)

angelika_kluessendorf_c__hans

Foto: Hans Peter Schäfer

Angelika Klüssendorf (f. 1958) er fødd i Ahrensberg (Hamburg) og er i dag busett i Berlin. Frå 1961 fram til ho utvandra til Vest-Berlin i 1985, budde ho i Leipzig i Aust-Tyskland. Klüssendorf var ein aktiv motstandar av DDR-regimet og ein av redaktørane bak det opposisjonelle, handlaga litteraturtidskriftet Anschläge.

I 1990 debuterte ho som forfattar og har sidan utgitt fleire romanar og novellesamlingar. Klüssendorf har motteke ei rekkje stipend og prisar og har vore nominert til Deutscher Buchpreis med bøkene Jenta og April.